Handball-NM 2001/02 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2001/02 for kvinner vart vunne av Nordstrand Idrettsforening etter finalesiger 21 – 18 over Tertnes Idrettslag.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 9. mars 2002 framfor 4 243 tilskodarar. Etter ei nervøs og målfattig opning på kampen viste Nordstrand seg som det beste laget og leia 10-6 ved pause. I den andre omgangen auka oslolaget til 17-10 og kontrollerte sidan inn til tremålssiger.

Nordstrand sine mål kom frå Unni Hinkel (7), Monica Sandve (5), Else Marthe Sørlie og Erika Polozova (3, begge), Anette Hovind Johansen, Cecilie Thorsteinsen, Hæge Fagerhus (1, alle). Jeanette Nilsen stod ein god kamp i mål.

Tertnes-måla skåra Sølvi Hylleseth (7), Marianne Rokne (4), Mette Ommundsen (2), Karoline Dyrhol (2) og med 1 mål kvar; Hege Vikebø, Anne Jorunn Kristensen og Anne Petersen. Målvakta Cecilie Leganger var lagets desidert beste spelar.

Dommarane Kenneth Hansen og Terje Eriksen straffa Nordstrand med fire 2-minuttutvisingar og Tertnes med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]