Handball-NM 2001/02 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2001/02 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 35 – 26 over Stavanger Håndball.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 9. mars 2002 framfor 3 249 tilskodarar. Tittelforsvararane frå Sandefjord tok styringa i kampen og leia med seks mål til pause, 18-12. Gjennom den andre omgangen auka laget leiinga, slik at kampen om kongepokalen enda med nimålssiger Sandefjord TIF.

Flest mål for Sandefjord skåra Eivind Ellingsen med 8. Kenneth Klev stod for 7 mål, Erik Hucko 6, Pål Cramer 5, Thomas Pettersen 4, Kim G. Jacobsen 3, Kristoffer Moen og Fredrik Dyve, begge 1. Marinko Kurtovic var målvakt.

Stavanger sine målskårarar var Stian Vatne (8), Kjetil Strand og Frode Kristiansen (7, begge), Jonas Edland (3) og Jo Svendsen (1). Ole Erevik vakta målet.

Dommarane Rune Forbord og Ole Jørstad straffa Sandefjord med fem 2-minuttsutvisingar og Stavanger med fire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]