Handball-NM 2003/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2003 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 30 – 23 over Nordstrand Idrettsforening frå Oslo.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum tysdag 30. desember 2003 framfor 4 944 tilskodarar. Larvik leia 12-10 ved pause og vann til slutt med sju fleire mål. «Kampen var preget av mange feil, og var i bunn og grunn en dårlig håndballkamp. Larvik var vel egentlig aldri truet.»

Larvik HK sin toppskårar vart Vigdis Hårsaker med 7 mål. Linn-Kristin Riegelhuth skåra 5 gongar og Kari Mette Johansen 4. Katja Nyberg, Tonje Larsen, Inger Sofie Heieraas og Karen Brødsgaard skåra alle kvar sine 3 mål, Kristine Duvholt Havnås stod for 2 nettkjenningar. Tine Kristiansen og Sara Breistøl kom ikkje på skåringslista. I mål stod Mimi Kopperud Slevigen og Lene Rantala, sistnemnde vart av Østlandsposten kåra til vinnarlagets beste spelar.

Med sine 7 mål vart Randi Gustad toppskårar for Nordstrand. Anette Hovind Johansen skåra 5 mål, Monica Sandve og Mari Hegna 3 mål kvar, Unni Hinkel og Iva Zamorska, 2 mål, begge, og Linn Rosenlund eitt mål. Heidi Tjugum vakta målburet.

Øyvind Togstad og Svein Olav Øie dømde oppgjeret. Dei straffa vinnarlaget med tre 2 minutts-utvisingar, Nordstrand med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]