Hopp til innhald

Handball-NM 2007/Karar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2007 for menn enda med triumf for Drammen Håndballklubb etter finalesiger 33 – 24 over Fyllingen Idrettslag frå Bergen.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 29. desember 2007 framfor 5 978 tilskodarar. Drammen HK førte kampen i fyrste omgang og leia 17–13 ved pause, trass i at det vart sett «frimerke» på Glenn Solberg. I den andre omgangen gjekk Drammen opp i leiing 26–16 før kampen enda opp med sjumålssiger 33–24.

Drammen sine mål kom frå Glenn Solberg (8), Vegard S Strand (7), Marius Hovde Andersen 6, Frode Hagen 5, Jan-Rickard Hansen (2), Eldin Hajdarevic (2), Christian Spanne (2) og Olav Hovind (1). Mathias K Holm vakta målburet.

Thomas Drange og Andreas Gjeitrem vart toppskårarar for Fyllingen med kvar sine 5 fulltreffarar.

Dommarane straffa vinnarlaget med fem 2-minuttsutvisingar og Fyllingen med fire.