Handball-NM 2011/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2011 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 37 – 13 over Stabæk Idrætsforening framfor 2 948 tilskodarar.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum torsdag 30. desember 2010. Etter ein treg start «gikk alt Larviks vei. De scoret og scoret, og Cecilie Leganger plukket omtrent alt av skudd.» Frå pausesiffera 18 – 6 gav Larvik seg ikkje før det stod 37 – 13 på resulttavla.

Linn Sulland vart toppskårar for Larvik med 9 mål. Tine Stange skåra 6 mål, Tine Kristiansen 5, Amanda Kurtovic 4, Karoline Breivang 3, Isabel Blanco 3, Linn-Kristin Riegelhuth Koren 2, Sara Breistøl 2, Thea Mørk 2, Pernille Wibe 1. Målvakt: Cecilie Leganger.

Stabæk-måla kom ved Karoline Næss 4, Stine Oftedal 4, Jenny Sneve, Lisa Bernhardsen, Christina Solheim Andersen, Kristine Nørstebø, Hanna Oftedal 1.

Dommarane straffa Stabæk med to 2 minutts-utvisingar, Larvik fekk ingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]