Handball-NM 2012/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2012 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 31 – 26 over Stabæk IF.

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

  • Idrettslaget Flint – Stabæk IF 19 – 24
  • Larvik HK – Byåsen IL 33 – 20

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum dag 30. desember framfor 3 679 tilskodarar. Storfavoritten Larvik tok kommando og leia 14 – 10 ved pause. I den andre omgangen kom Stabæk nærast på stillinga 21-19, før Larvik drog ifrå og tok sin femte strake kongepokal med fem måls margin.

Larviks fremste målskårarar var Linn Sulland med 9, Gro Hammerseng med 7, og Isabel Blanco med 5 nettkjenningar. Linn-Kristin Riegelhuth Koren skåra 3 gongar og Anja Edin 2. Også Sara Breistøl, Pernille Wibe, Karoline Breivang, Kristine Breistøl og Kari Mette Johansen kom på skåringslista.

Stine Oftedal skåra 8 mål for Stabæk, medan Kristin Nørstebø fann vegen til nettmauskane 5 og Sanna Solberg 4 gongar. Karoline Næss og Thea Karlshaugen Pettersen stod bak kvar sine 3 mål, Hanna Oftedal skåra 2 og Lisa Bernhardsen 1 mål.

Dommarane Alexander Baklie og Espen Rønning straffa Larvik med fire 2-minuttsutvisingar og Stabæk med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]