Handball-VM 1975 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i handball 1975 for kvinner, den 6. i rekka, vart avvikla i tida 2. til 130. desember i Sovjetunionen. 12 land deltok i turneringa: Aust-Tyskland, Danmark, Japan, Jugoslavia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn, USA.

Finalerunda gjekk føre seg i Kiev. Elles vart det spelt kampar i Rostov, alle Noregs kampar fann stad i Vilnius.

Aust-Tyskland gjekk til topps i meisterskapen etter å ha teke 9 av 10 poeng i finalerunda. Sovjetunionen kom på sølvplassen med sine 7 poeng, Ungarn fekk bronse med 6 poeng i finalerunda. På meisterlaget spelte mellom andre kapteinen Waltraud Kretzschmar, Kristina Hochmuth, Marion Tietz, Roswitha Krause, Petra Kahnt, Christine Gehlhoff.

Noregs mannskap enda på åttandeplassen. Det bestod av Liv Kyvåg, Siri Keul, Sissel Brenne Buchholdt, Marit Breivik, Bjørg Andersen, Kari Aagaard, Astri Bech, Unni Anisdahl, Anne Eriksen, Turid Danielsen, Hjørdis Høsøien, Wenche Wensberg, Randi Elisabeth Dyrdal, Lisabeth Hansen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]