Handball-VM 1978 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i handball 1978 for kvinner, den 7. i rekka, vart avvikla i tida 30. november til 10. desember i Tsjekkoslovakia. 12 land deltok i turneringa: Algerie, Aust-Tyskland, Canada, Jugoslavia, Nederland, Polen, Romania, Sovjetunionen, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Vest-Tyskland.

Aust-Tyskland gjekk til topps i meisterskapen etter å ha teke 8 av 10 poeng i finalerunda. Like mange poeng sanka Sovjetunionen, som måtte nøye seg med sølv grunna mindre målskilnad. Ungarn fekk bronse etter 6 poeng i finalerunda.

For meisterlaget utmerkte Kristina Hochmuth og venstrekant Marion Tietz seg, begge kom med på allstar-laget. Kapteinen Waltraud Kretzschmar og Roswitha Krause bidrog også mykje til triumfen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]