Handball-VM 1997 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i handball 1997 for kvinner, den 13. i rekka, vart avvikla i tida 1. til 17. desember 1997 i Tyskland. Til saman 24 land deltok i turneringa, fire fleire enn sist. Danmark sikra seg meisterpokalen etter finalesiger 33-20 mot Noreg.

Semifinalane og finalen fann stad i Max Schmeling-Halle i Berlin

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom semifinalevinnarane, Danmark og Noreg, vart spelt i Max Schmeling-Halle i Berlin framfor 7 200 tilskodarar. Under Danmark sin semifinale i same hallen, men utanfor sjølve kamparenaen, vart to danske tilskodarar stokne ned av ein tyskar. Drapa kom til å prege inngangen til sjølve finalen og verka opplagt skjerpande på det danske mannskapet.

Danmark var det førande laget heile finalekampen, ved pause var stillinga 15-12. I andre omgangen drog Danmark ifrå og då sluttsignalet lydde stod det 33-20 på resultattavla. For Danmark skåra Camilla Andersen 7 gongar, Anne Dorthe Tanderup 6, Anja Andersen og Anette Hoffmann 5, Gitte Madsen 4, Janne Kolling 3, Tonje Kjærgård og Maybrit Nielsen 1 kvar. Susanne Munk Lauritsen og Gitte Sunesen vakta Danmarks mål.

Noregs lag bestod av målvaktene Heidi Tjugum og Jeanette Nilsen, rykkromspelarane Tonje Sagstuen (6), Susann Goksør (2), Trine Haltvik (6), Tonje Larsen (1), Janne Tuven, Mette Davidsen, kantspelarane Sahra Hausmann (2), Monica Vik Hansen (1), linjespelarane Kari Solem (1) og Hege K. Kvitsand (1). Også Lise Kristiansen, Ellen Thomsen og Anette Tveter var med i den norske VM-troppa.

De to tyske finaledommarane straffa Danmark med ei 2-minuttsutvising og Noreg med tre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]