Hopp til innhald

Handball-VM 2003 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altice Arena

Verdsmeisterskapen i handball 2003 for menn vart avvikla i dagane frå 20. januar til 2. februar 2003 i Portugal. Til saman 24 land deltok i turneringa. Kroatia vann VM-gull for aller fyrste gong gjennom finalesiger 34–31 mot Tyskland. Finalen vart avvikla i Altice Arena i Lisboa framfor 10 000 tilskodarar.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Halvvegs i kampen leia Kroatia med 20 mot 18 mål. I løpet av den andre omgangen auka laget til det som vart ein tremåls-triumf, 34–31.

Kroatia sine skåringar kom frå Mirza Džomba (8), Ivano Balić, Blaženko Lacković, Petar Metličić og Renato Sulić (4, alle), Slavko Goluža og Božidar Jović (3, begge), Nikša Kaleb (2), Davor Dominiković og Tonči Valčić, (1, begge). Vlado Šola stod i mål heile kampen. Markus Baur skåra 8 av Tyskland sine mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]