Handball under Sommar-OL 1996/Karar
Handball under Sommar-OL 1996 for karar vart avvikla frå 24. juli til 4. august 1996 i to ulike arenaer i Atlanta. Tolv land deltok i turneringa: Algerie, Brasil, Egypt, Frankrike, Kroatia, Kuwait, Russland, Spania, Sveits, Sverige, Tyskland og USA.
Laga var delt inn i to grupper med seks lag i kvar, der alle laga i gruppa spelte kamp mot einannan. Dei to beste laga frå kvar gruppe avanserte til semifinalar, resten til plasseringskampar. Vinnarane av semifinalane, Kroatia og Sverige, møttest til finale, medan taparane av semifinalane møttest til kamp om bronseplassen. Spania vann 27–25 over Frankrike i bronsefinalen.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Sverige opna svakt, Kroatia leia 6–1 etter minutts spel. Oh ved pause leia Kroatia framleis med fem mål, 16–11. I den andre omgangen knappa Sverige ned på leiinga, men kom aldri i kapp med Kroatia som vann med 27 mot 26 mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Handball at the 1996 Summer Olympics – Men's tournament» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2022.