Hopp til innhald

Handball under Sommar-OL 2004/Karar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Handball under Sommar-OL 2004 for karar vart avvikla frå 14. til 29. august 2004 i Faliro-hallen . Tolv land deltok i turneringa: Brasil, Egypt, Frankrike, Hellas, Island, Kroatia, Russland, Slovenia, Spania, Sør-Korea, Tyskland og Ungarn.

Laga var delt inn i to grupper med seks lag i kvar, der alle laga i gruppa spelte kamp mot einannan. Dei fire beste laga frå kvar gruppe avanserte til kvartfinalar. Vinnarane av semifinalane, Kroatia og Tyskland, møttest til finale, medan taparane av semifinalane møttest til kamp om bronseplassen. Russland slo Ungarn 28–26 i bronsefinalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Tyskland leia 12–11 ved pause. I den andre omgangen snudde Kroatia til tomålstriumf 26–24. Kroatia sine skåringar kom frå Mirza Džomba (9), Petar Metličić (4), Goran Šprem (3), Nikša Kaleb (3), Igor Vori (3), Blaženko Lacković (3) og Slavko Goluža (1). Spelstyrar Ivano Balić skåra ikkje, det gjorde heller ikkje målvaktene Vlado Šola og Venio Losert.

Stefan Kretzschmar vart toppskårar for Tyskland med 9 nettkjenningar.

Dei svenske dommarane straffa Kroatia med 2x2 minutts utvisingar, Tyskland med 5x2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]