Handleveske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinne med handleveske i nett frå 1950-talet

Ei handleveske er ei veske som ein brukar til å frakte varer i, gjerne heim frå butikkar etter at ein har handla. Handlevesker i plastikk er ofte laga for eingongs bruk, sjølv om folk kan bruke dei på nytt til lagring eller som søppelposar. Andre handlevekser er laga i eit sterkare materiale, slik at dei kan nyttast til fleire handleturar.

Mange vel å bruke handlevesker av nylon til å bere matvarer i, mellom anna for å redusere kostnader til eingongs plastposar og spare miljøet for plastavfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]