Handley Page H.P.42

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.
Refuelling Hanno, showing mora detail.

Handley Page H.P.42 og H.P.45 var eit britisk fire-motor, lang- distanse todekker, passasjerfly konstruert i 1928 for Imperial Airways av Handley Page, Radlett, Hertfordshire.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

H.P.42/45 var Imperial Airways landbaserte passasjerfly, som i likskap med dei seinare flybåtane til selskapet fekk stor 5betyding for luftfarten mellom England og koloniane. Det vart bygd åtte stykke av desse flya, fire av kvar; Alle fekk namn som byrja på H Hanibal, Horsa, Hanno, Hadrian, Heracles. Horatius, Hengist og Helena. Dei frakta fleire passasjerar mellom London og kontinentet enn nokon andre på den tida. Det er registrert at dei samla fløy meir enn 1,6 millionar kilometer med ein samla flytid på meir enn 100 000 timar.[1]

Under ein brann i ein hangarbygning i Karachi i 1937 der Hengist stod parkert kom den i brann, og såleis det einaste som ikkje var i bruk ved utbrotet av krigen, då dei øvrige vart rekvirert av RAF,

Konstruksjon og utvikling[endre | endre wikiteksten]

H.P.42 var konstruert for langdistanse-rutar til Det fjerne austen og Sør-Afrika. Den tilsvarande 1. P.45 vart bygd for dei europeiske rutane. I Imperial Airways teneste vart H.P 42/45 kalla som  H.P.42E (E for Eastern dvs. – India og Sør-Afrika), medan H.P.45 vart namngjeve somH.P.42W (W for Western dvs. europeiske ruter).

H.P.42 var ein stor to-dekker der vingane var av ulik lengd, Hel-metall konstruksjon med unntak av vingar som var kledd med duk i likskap med haleror og bakre del av sjølve skroget. Øvre og nedre vingepar var forbunde og avstivet med bardunar. Haleroret omfatta tre sideror, plassert mellom to høgderor. H.P.42 var utstyrt med fire Bristol Jupiter XIF, kvar på 490 H/k, medan H.P.45 hadde Bristol Jupiter XFBM kvar på 555 H/k. To motorar var montert på øvre vinge. Dei to andre på nedre vingepar nær sjølve skroget.

Besetninga var plassert som i dagens fly, noko som då var eit nyhende. I datidens fly sat besetninga i opne sittebrønnar bak passasjerana. H.P. 42 hadde hadde seks (seinare tolv) sitteplassar i fremre lugar og tolv i bakare. Det var tilfredsstillande plass for bagasje. H.P.45 romma 18 i fremre og 20 i bakare lugar med redusert plass til bagasje.

Flyene i bruk[endre | endre wikiteksten]

Flytypen fekk sin jomfrutur den 14. november 1930, (G-AAGX som seinare fekk namnet «Hannibal», Luftdugleiksbevis for passasjertrafikk i mai 1931. Første tur med betalande passasjerar gjekk til Paris den 11. juni same år.

Då H.P.42 vart trekt tilbake frå sivil teneste 1. september 1939 ved utbrotet av andre verdskrig og rekvirert for krigsteneste, kunne dei notera seg ein ti-års bruk utan ein einaste alvorleg ulukke med tap av menneskjeliv. Noko som var uvanleg for den tidas sivile passasjerfly.

Operatørar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Handley Page H.P.42
':
Handley Page H.P.42 Data
Lengd    28,09 m
Vengespenn    39,62 m
Vingeflate    277,68
Høgd    5,04 m
Motorar    Fire Bristol Jupiter XIF- mit 490 PS (365 kW)
Toppfartt    195 km/h
Rekkjevidd    805 km
Besetning    Fire, 18 - 24 Passasjerar
Marsjhøgde    No info.
Vekt utan last    8 047 kg
Vekt lasta    12 700 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ISBN 0-3300-2874-X

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]