Handley Page Halifax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Handley Page Halifax

Handley Page Halifax var eit britisk fire-motors tungt bombefly som vart nytta av mellom anna Royal Air Force under den andre verdskrigen. Flyet flaug føyrste gong 25. oktober 1939, og var i teneste under heile krigen. Det siste flyvåpenet som brukte Halifax var det pakistanske, som pensjonerte flya i 1961.

Flyet vart òg nytta av Royal Canadian Air Force, Royal Australian Air Force, Royal New Zealand Air Force og av flyvåpenet i ei rekkje andre land.

Handley Page Halifax NA337 vart i 1995 heva frå Mjøsa. Flyet vart deretter restaurert og utstilt i Canada.

Det finst i dag berre tre nokolunde komplette Halifax på museum rundt omkring i verda. To av desse vart henta ut som relativt velbevarte vrak frå lokalitetar i Noreg. Eit av desse var var med på angrepet mot slagskipet «Tirpitz», og måtte nødlanda på innsjøen Hoklingen. Dette flyet vart henta ut i 1973. Eit anna fly vart heva frå Mjøsa og frakta til Canada i 1995. Eit fly landa i fjorden ved Malvik, og 4 overlevde av 6 i flymannskapet. Flyet vart funne av studentar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2014.[1][2]

Etter 10 år med restaurering stod NA337 ferdig på RCAF Memorial Museum i Canada. Halifax hadde stor betyding sett med norske auge. Fleire norske flygarar og flymannskap flaug Halifax-bombarar under krigen. Flyet vart òg nytta av 138 og 161-skvadronane som stod for ei rekkje slepp av agentar og utstyr i Noreg. Dette var operasjonar til støtte for MILORG og av SOE og SIS.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Dimensjonar Halifax B.Mk III
Vengespenn 31,75 m
Lengd 21,36 m
Høgd 6,32 m
Vingeareal 118,45
Nettovekt 17 345 kg
Ytingar
Toppfart 454 km/t
Maksimal lasta vekt 29 484 kg
Anna
Motor 4× Bristol Hercules XVI stjernemotorar (1 615 hk kvar)

Bestykning 9× 7,7 [[mm] mitraljøser
Våpenlast Opptil 5 897 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Studenter fant britisk bombefly på havets bunn». Adresseavisen. 24. oktober 2014. Henta 14. mars 2017. 
  2. «Arnfinn og Torbjørn så bombeflyet styrte i 1942». Adresseavisen. 25. desember 2014. Henta 14. mars 2017.