Handvåpen i Forsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Handvåpenet i det norske forsvaret har lenge vore MP5 og AG-3. Våren 2007 vart det bestilt nye våpen: Heckler & Koch MP7, Heckler & Koch HK416 og Heckler & Koch HK417.

Automatgevær[endre | endre wikiteksten]

På grunn av vekt, alder, ammunisjonstype og NATO-tilpassing hadde Forsvaret frå midten av 1990-talet jobba med å byta ut AG-3 med eit meir moderne våpen. Spesielt hadde skarpe oppdrag i utlandet på 1990- og 2000-talet gjort situasjonen prekær. Dei fleste NATO-land hadde i 2013 gått over til å bruka 5,56 × 45 mm NATO-ammunisjon til sina einingsvåpen, medan Noreg var blant dei få landa som enno hadde einingsvåpen med 7,62 × 51 mm NATO.

Ein av fordelane med 5,56 mm ammunisjon er at denne er lettare, noko som hjelper mykje når soldatane er på skarpe oppdrag og har med seg ekstra ammunisjon. Med 200 ekstra patroner vil det verta fleire kilo ekstra som kvar soldat må bera dersom ein brukar 7,62 mm i staden for 5,56 mm. Dette førte til at Forsvaret gjorde nokre mindre innkjøp av andre typar automatgevær til styrkar som opererte på skarpe oppdrag i utlandet.

Forsvaret hadde tre typar automatgevær i aktiv teneste per april 2007:

og i eit mindre omfang av avdelingar på utenlandsoppdrag i ISAF-teneste (til dømes Telemark bataljon).

  • C8SFW – 5,56mm. I bruk hjå spesialstyrkane: FSK-HJK/MJK.

5,56 mm viste seg som framtidsalternativet i NATO var i botn og grunn ikkje ein kamp om kva for eit våpen, men om kva for ein type ammunisjon. Det vart ein stor debatt i Forsvaret, men ein fall til slutt ned på 5,56 mm.

Forsvaret valde å kjøpa inn Heckler & Koch HK416, som alle avdelingar – spesialstyrkene inkludert – skulle ta i bruk som nytt einingsvåpen.

HK416[endre | endre wikiteksten]

HK416

HK416 er eit moderne automatgevær frå tyske Heckler & Koch. Av utsjånad liknar det Colt M4, men mekanisk er det basert på G36. Det er i bruk av amerikanske Delta Force og den taiwanske kystvakta. I tillegg har nokre amerikanske politistyrkar teke det i bruk. HK416 vert enno (2017) ikkje selt på den sivile marknaden.

I april 2007 bestilte Forsvaret 8 200 gevær. Desse skal innførast som arvtakar til AG-3 . Dei vert utstyrte med optiske sikter frå svenske Aimpoint. Kontrakten på våpena er verd 100 millionar kroner, medan siktemidla kostar 50 millionar kroner. Forsvaret tok i bruk våpenet i 2008.[2][3]

Maskinpistol[endre | endre wikiteksten]

Den 31. mai 2007 underteikna Forsvaret kontrakt med Heckler & Koch om leveranse av 6500 stk. Heckler & Koch MP7.[4] Våpenet erstatta den gamle MP5ein og koma i teneste sommaren 2008.

Ammunisjonen på MP7 er meir finkalibra, men med lengre patronhylse, og har kraftigare gjennomslagskraft enn den gamle MP5-en. MP7 vert difor ikkje rekna som ein maskinpistol, men som eit sjølvforsvarsvåpen (engelsk: Personal Defence Weapon; PDW). I tillegg har MP7 eit optisk sikte, noko MP5 ikkje har i utgangspunktet.

Skarpskyttergevær[endre | endre wikiteksten]

HK417 er eit moderne automatgevær som er «storebroren» til HK416. Det har kaliber 7,62 × 51 mm Nato (medan HK416 brukar 5,56mm). Det norske forsvaret kjøpte inn ei mindre mengd HK417 som mellom anna skulle brukast som skarpskyttar-gevær.[5][6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 1. januar 2018 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. april 2007, henta 1. januar 2018 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 1. januar 2018 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 1. januar 2018 
  5. Offisersbladet nr. 3 mai 2007
  6. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. februar 2009.