Hangursbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hangursbanen på Voss

Hangursbanen var ei taubaneVoss. Bana var ei gondolbane som gjekk sin siste tur sundag 30. august 2015. Dei to gondolane, populært kalla Dinglo og Danglo, var demontert i september 2015, og bana riven for å verte erstatta av ei ny bane etter ein annan trasé med anna utgangs- og endepunkt.

Hangursbanen var eigd av Voss Resort Fjellheisar, som er ein del av Voss Resort.

Bana[endre | endre wikiteksten]

Bana hadde eit strekk på 1 126 meter, to master og ei topphøgd på 660 meter over havet. Botnstasjonen låg i Hangursvegen 15, kring 500 meter frå Voss stasjon. Dei to gondolane, med namna Dinglo (raudmåla) og Danglo (blåmåla), hang ved hjelp av eit hjulsystem på kvar sin berekabel, og var festa i kvar sin ende av den same trekkvaieren, slik at dei gjekk samstundes frå høvesvis topp- og botnstasjonen. Namna på dei to gondolane, Dinglo og Danglo, kjem av at dei svaia og dingla fram og attende ved mastekryssing og i vind.

Frå botnstasjonen nytta bana om lag fem minutt til toppstasjonen. Ved full fart kunne bana gå 8 m/s, men til vanleg var farten er kring 5-6 m/s. Mykje vind tvinga bana til å gå saktare enn dette, og ved for mykje vind må bana stengjast av tryggleiksårsaker.

Driften[endre | endre wikiteksten]

Bana var i drift i turistsesongen (1. juni-1. september), og i skisesongen om vinteren. Om sumaren gjekk bana kvar dag frå klokka 10 til 17.

Tidlegare måtte det sitja ein person ved nedre stasjon for å styra gondolbana. Det var då 3-4 personar på jobb, der to var i gondolane, ein styrte bana og ein tok billettar. Ved seinare tids modifikasjonar kunne bana kan styrast av berre ein person ved at berre ein bondol var i drift og den andre gjekk tom. Personen som var på jobb i gondolen vart ofte kalla ein dinglar.

Friluftsaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Gondolbana gjekk opp til eit fint turterreng på fjellet Hanguren. Her var det restaurant og kafé. Innover herfrå er det eit flott turterreng både på sumar- og vinterstid. Her kunne ein gå kortare og lengre turar, og DNT-hyttene Tvinnestølen og Volahytta ligg ein god dagsmarsj unna. Tidlegare var det mogleg å leiga terrengsyklar på toppen, men dette tilbodet vart avvikla. På vinterstid kunne ein nytte gondolbana opp til skianlegget, og ta Hangursheisen eller Hangurstrekket vidare inn i skianlegget. Voss Skiskule tilbyr både utleige av ski- og snøbrettutstyr, og gjev instruksjonstimar.

Hangursbane var òg mykje brukt av hanggliderar og paragliderar, både sumar- og vinterstid.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bana vart bygd i 1963 av Hordaland Mekaniske Verkstad (HMV) og eit mekanisk verk frå Bern i Sveits.

Bilete av Hangursbanen og Hangursrestauranten[endre | endre wikiteksten]

Andre taubaner i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]