Hanishøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ḩanīshøyane
جزر حنيش
øy
Det franske fyret på Hanishøyane.
Land  Jemen,  Eritrea
Koordinatar 13°45′N 42°45′E / 13.750°N 42.750°E / 13.750; 42.750
Kart
Hanishøyane
13°45′N 42°45′E / 13.75°N 42.75°E / 13.75; 42.75

Ḩanīshøyane (arabisk جزر حنيش) er ei øygruppe i Raudehavet. Dei fleste av dei er ein del av Jemen, men før 1998–1999 gjorde òg Eritrea krav på dei. Etter ei lang rettssak i ein internasjonal domstol med Abdul Karim al-Iryani som rådgjevar, fekk Jemen full eigarskap over dei større øyane, medan Eritrea fekk nokre mindre øyar i sørvest.[1]

Dei tre største øyane er Jabal Zuqar i nord (ca. 130 km²), Al-Ḩanīsh al-Kabīr (Store Ḩanīsh) i sør (ca. 116 km²), og den mykje mindre Al-Ḩanīsh al-Ṣaghīr (Vesle Ḩanīsh) i mellom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det osmanske riket gjorde krav på Hanishøyane, men kravet vart lagt bort av Tyrkia i 1923. Frå den gong vart dei styrte av den italienske kolonien Eritrea fram til 1941. I 1941, etter at dei italienske kolonistyrkane overgav seg, etablerte den britiske hæren Eritrea som eit proktektorat. Gjennom 1970-åra gjorde Etiopia (som hadde annektert Eritrea) og Jemen krav på øyane. Den etiopiske interessa i øyane kom av at eritreiske sjølvstendegrupper nytta Hanishøyane, og den nærliggande Zuqar, som base til å angripe etiopiske militærinteresser.[2]

I 1991 fekk Eritrea sjølvstende og i 1995 prøvde dei å ta suvereniteten over øygruppa. Dette starta Hanishøyane-konflikten, som til slutt enda i ein kort konflikt mellom Eritrea og Jemen over øyane. I alt vart 3 til 12 eritrearar og 4-15 jemenittar drepne i kampane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «International Maritime Boundary». Arkivert frå originalen 15. desember 2007. Henta 17. juli 2006. 
  2. Killion, Tom (1998). Historical Dictionary of Eritrea. The Scarecrow Press. ISBN 0-8108-3437-5.