Hank DeVito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hank DeVito
FødenamnHenry M. DeVito
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock, country
InstrumentPedalsteelgitar
Tilknytte artistarNew York Rock & Roll Ensemble, Emmylou Harris, The Notorious Cherry Bombs
Verka somMusikar

Henry M. «Hank» DeVito er ein USA-amerikansk musikar og fotograf, hovudsakleg kjend som pedalsteelgitarist og som låtskrivar.

I 1970 vart DeVito med i New York Rock & Roll Ensemble.[1] DeVito var òg medlem av Emmylou Harris sitt Hot Band i midten av 1970-åra.[2][3]

DeVito var sidan originalt medlem i ei sidegrein av Hot Band kalla The Cherry Bombs, eit band skipa for å akkompagnere Rodney Crowell og Rosanne Cash på ein turné tidleg i 1980-åra.[4][5][6]

Som studiomusikar har DeVito arbeidd med Hoyt Axton, Arlo Guthrie, Tim Krekel, Nicolette Larson, Ralph McTell, Buck Owens, Ricky Skaggs, George Strait og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The New York Rock Ensemble – Roll Over / Freedomburger». Rockasteria. Henta 12. november 2020. 
  2. Scott Cain, Michael (4. april 2017). The Americana Revolution: From Country and Blues Roots to the Avett Brothers, Mumford & Sons, and Beyond (1 utg.). Henta 12. november 2020. 
  3. Betts, Stephen L. (27. juli 2016). «Flashback: See Emmylou Harris's Delicate 'Together Again' on the BBC». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 12. november 2020. 
  4. Ankeny, Jason. «Notorious Cherry Bombs». Billboard. Henta 12. november 2020. 
  5. Woodstra, Chris (2008). Contemporary Country (1 utg.). Henta 12. november 2020. 
  6. Mansfield, Brian (6. august 2004). «Cherry Bombs Burst Back on Country Scene». USA Today. Arkivert frå originalen 24. mars 2018. Henta 1. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]