Hank Garland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hank Garland
Verkeleg namn Walter Louis Garland
Fødd 11. november 1930(1930-11-11)
Cowpens i Sør-Carolina
Død

27. desember 2004 (74 år)
Orange Park i Florida

Instrument

gitar, mandolin[1]

Sjanger Jazz,[2] country[2] Rock & Roll
Aktive år 1946–1961
Yrke musikar
Tilknytte artistar Elvis Presley, Roy Orbison, Patsy Cline, andre

Walter Louis «Hank» Garland (11. november 193027. desember 2004) var ein amerikansk studiomusikar i Nashville som spelte med Johnny Cash, Elvis Presley, Patsy Cline, Moon Mullican, Brenda Lee, Roy Orbison, Patti Page og mange andre.

Biograi[endre | endre wikiteksten]

Garland var fødd i Cowpens i Sør-Carolina,[3] og byrja å spele gitar då han var seks år gammal. Han spelte på lokale radioprogram då han var 12 og vart oppdaga då han var 14 år i ei platesjappe i Sør-Carolina.[4] Han flytta til Nashville då han var 16 og budde på Ma Upchurch's pensjonat, der han delte rom med kontrabassisten Bob Moore og mandolinisten og felespelaren Dale Potter.

18 år gammal spelte Garland inn den store hitten «Sugarfoot Rag» som selde ein million singlar. Garland deltok på Jubilee med bandet til Grady Martin og på Eddy Arnold sine show på fjernsyn.

Garland er kanskje mest kjend for studioarbeidet i Nashville med Elvis Presley frå 1958 til 1961, som gav hittar som «I Need Your Love Tonight», «A Big Hunk O' Love», «I'm Coming Home», «I Got Stung», «A Fool Such As I», «Stuck on You», «Little Sister», «(Marie's The Name) His Latest Flame» og «I Feel So Bad».

Han arbeidde òg med mange country- og rock and roll-stjerner seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, som Patsy Cline, Brenda Lee, Mel Tillis, Marty Robbins, The Everly Brothers, Boots Randolph, Roy Orbison, Conway Twitty og Moon Mullican.

Han spelte òg med jazzartistar som George Shearing og Charlie Parker i New York og spelte inn Jazz Winds From a New Direction, der han fekk vise talentet sitt,[5] i lag med Gary Burtonvibrafon, Joe Benjaminkontrabass og Joe Morello på trommer. Ein trur at Garland var den førte som brukte powerakkordar i popmusikken.

I september 1961 spelte han med Presley for filmmusikken til Follow That Dream då han hamna i koma etter ei bilulukke. Han låg i koma i ei veke. Han vart frisk att med hjejlp av broren Billy Garland, men ikkje nok til at han kom attende i studio. Ein trur at elektrosjokkterapi som legane gav han skapte meir skade på hjernen hans. Broren Billy hevda at ulukka var eit mordforsøk frå nokon i musikkmiljøet i Nashville.[4] Hank Garland hadde ei høg stjerne hos sine likemenn og produsentane i Nashville, som Chet Atkins, Don Law og Owen Bradley. Då ein journalist spurte Chet Atkins kven han meinte var den beste gitaristen som nokon kom til Nashville, sa Atkins utan å blunke, «Hank Garland».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • After the Riot at Newport (med The Nashville All-Stars) (1960)
  • Velvet Guitar (1960)
  • Jazz Winds From a New Direction (1961)
  • The Unforgettable Guitar of Hank Garland (1962)
  • Holiday for the Harp (med Daphne Hellman Quartet)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hank Garland Biography». Henta 30. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 Prown, P.; Newquist, H.P.; Eiche, J.F. (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. H. Leonard. s. 125. ISBN 9780793540426. Henta 5 October 2014. 
  3. Ginell, Richard. «Hank Garland: Biography». Allmusic. Henta 8 April 2011. 
  4. 4,0 4,1 Word, Ron «Obit-Garland» (28. desember 2004), The Associated Press
  5. Ginell, Richard. «Jazz Winds from a New Direction: Review». Allmusic. Henta 8 April 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]