Hank Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hank Green

Hank Green opptrer på w00tstock, Portland, Oregon.
Fødd5. mai 1980 (43 år)
FødestadBirmingham i Alabama
FødenamnWilliam Henry Green II
OpphavUSA
Aktiv2007-
SjangerHumor
PlateselskapDFTBA records
Verka somyoutubar, podkastvert, musikar, låtskrivar, forretningsdrivande, lærar, oppfinnar, skribent, romanforfattar, miljøvernar, fjernsynsprodusent, vitskapsformidlar, bloggar, gründer, songar
Gift medKatherine Green

William Henry "Hank" Green II (fødd 5. mai 1980) er ein amerikansk entreprenør, musikar og videobloggar. Han er best kjend for YouTube-kanalen Vlogbrothers, der han legg ut videoar saman med broren, John Green, to gonger i veka. Han starta miljøteknologibloggen EcoGeek. Han arbeider med, og driv, fleire andre YouTube-kanalar, blant dei CrashCourse, SciShow, The Lizzie Bennet Diaries, The Brain Scoop, Into the Microcosmos og Sexplanations.

Hank Green er fødd i Birmingham i Alabama og vaks opp i Orlando i Florida. Han har ein bachelorgrad i biokjemi og ein mastergrad i miljøstudier. Han bur i Missoula i Montana saman med kona Katherine, sonen Orin og katten Cameo.

Brørne Green starta med videoblogging 1. januar 2007, då dei starta eit prosjekt kalla Brotherhood 2.0. Prosjektet vara i eit år fram til 31. desember 2007. I denne tida hadde brørne ikkje lov til å kommunisera gjennom tekst, og i staden sendte dei daglege videoar fram og tilbake, måndag til fredag, gjennom Youtubekanalen Vlogbrothers. Dersom ein video var for sein, over 4 minutt eller ein av dei hadde sendt ein mail, fekk den andre broren bestemma ei straff som måtte utførast.

Då året var omme heldt brørne fram med å publisera videoar, men ikkje like ofte som før. Dei oppheva det sjølvpålagde forbodet mot å kommunisera gjennom tekst.

I løpet av Brotherhood 2.0 vart det bestemt at Hank skulle presentera ein ny song kvar onsdag som det var hans tur, altså kvar 14. dag. Dette førte til mange ulike songar, med eit stort spenn i innhald, og han dominerer truleg innan sjangeren «lite kjente vitskaplege fenomen, songar om».[1]


I 2018 gav han ut si fyrste skjønnlitterære bok, An Absolutely Remarkable Thing, og i 2020 kom oppfølgaren, A Beautiful Foolish Endevaour.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellen Hardcastle is here! A reunion video

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]