Hanky Panky av Tommy James and the Shondells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanky Panky
Singel av Tommy James and the Shondells
Språk engelsk
Utgjeve 1963
Sjanger Garasjerock
Lengd 2:59
Selskap Snap!, Roulette
Komponist Ellie Greenwich, Jeff Barry
Låtskrivar(ar) Jeff Barry, Ellie Greenwich
Produsent Henry Glover
Tommy James and the Shondells-kronologi 
«Judy» (1962) Hanky Panky «Hanky Panky» (re-release)"
(1966)


«Hanky Panky» er ein song skriven av Jeff Barry og Ellie Greenwich for gruppa deira, The Raindrops. Han vart gjort kjend av rockegruppa Tommy James and the Shondells, som nådde førsteplassen med songen i USA i 1966.

Songstrukturen[endre | endre wikiteksten]

Donald A. Guarisco i Allmusic[1] skreiv: «Teksten til songen handlar om ein hormonell gut som vert driven galen av ei jente han kjenner som dannar dansen ein syner til i tittelen og er bygd rundt den ofte repeterte setninga «My baby does the hanky panky». Musikken er enkel og smittande, og bygger på ein enkel vers-refreng-struktur. James-versjonen er rein garasjerock, spelt live i studio.»

Komposisjon og historie[endre | endre wikiteksten]

Barry og Greenwich skreiv songen i 1963. Dei heldt på med ei innspeling for gruppa si The Raindrops, og måtte ha ei B-side til ein singel, «That Boy John». Duoen gjekk så ut i gangen og skreiv songen på 20 minuttar. Barry og Greenwich var ikkje særleg nøgd med songen, og meinte han var dårlegare enn dei andre songane dei hadde skrive. «Eg var overraska då [Tommy James-versjonen] kom ut,» sa Barry til Fred Bronson i Billboard, «I mine øyre var det ein forferdeleg song. Eg tenkte at han berre var skriven som ei B-side, ikkje som ein song i seg sjølv.»

Sjølv om han berre var ei B-side vart «Hanky Panky» populær hos garasjerockband. James høyrte han første gongen framført av eit slikt band i ein klubb i South Bend i Indiana. «Eg hugsa eigentleg berre nokre få linjer frå songen, før me spelte han inn. Eg måtte finne på resten av songen», sa han til Bronson, «Eg bere sette han saman ut frå det eg hugsa.»

James-versjonen vart spelt inn ved ein lokal radiostasjon, WNIL i Niles i Michigan, og gjeve ut på lokale Snap Records, der han selde godt i trestatsområdet Michigan, Indiana og Illinois. Utan nasjonal distribusjon forsvann singelen raskt. James gjekk vidare, oppløyste The Shondells og gjorde ferdig high school.

I 1965 fekk ein arbeidslaus James kontrakt med ein DJ i Pittsburgh, «Mad Mike» Metro. Metro hadde byrja å spele The Shondells-versjonen av «Hanky Panky» og singelen hadde vorte populær i området. James valde så å gje ut songen på ny og reiste til Pittsburgh der han hyrte det første passelege lokale bandet han møtte på, The Raconteurs, til å bli det nye Shondells (det originale bandet ønskte ikkje å starte opp att).

Etter framføringar på TV og i klubbar i byen tok James master-bandet av «Hanky Panky» til New York, der han selde det til Roulette Records. «Det utrulege er at me ikkje spelte inn songen på ny», sa James til Bronson, «Eg trur ikkje nokon kan spele inn ein song så dårleg og få det til å høyres så bra ut. Det høyrtes amatøraktig ut. Eg trur me tulla så mykje med han at me rota han til.» Songen vart raskt gjeve ut og låg på toppen av Billboard Hot 100 i to veker i juli 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guarisco, Donald. "Song Review: Hanky Panky". Allmusic. Henta 21. august 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]