Hanna Kvanmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanna Kvanmo
Fødd14. juni 1926
Harstad kommune, Seljestad
Død23. juni 2005 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti, Nasjonal Samling
Yrkepolitikar, frontsøster
Alle verv

Hanna Kristine Kvanmo (14. juli 192623. juni 2005) var Sosialistisk Venstreparti sin fremste parlamentarikar i avgjerande år i historia til partiet. Med si ekte nordnorske folkelegheit blei ho personleg mykje meir populær enn partiet SV var i denne perioden.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hanna Kristine Kvanmo blei fødd den 14. juni 1926 i Sandtorg ved Harstad. Ho kom frå småe kår. Ho avslutta skulegangen i 1941 etter eit år på middelskole.[1] Frå sommaren 1942 jobba ho på eit lønningskontor hos den tyske okkupasjonsmakta i Noreg.[1] I 1944 hadde ho framleis jobb hos okkupasjonsmakta,[1] Dette året søkte ho opptak i Den tyske raudekrossen (DRK) (1944).[1] Som attenåring vart ho kursa av DRK i Heringsdorf i Pommern (november 1944-23. januar 1945). Ho vart «antatt som helferin»[1] [hjelpepleiar] og jobba i Bötzow til slutten av april 1945. Dette blei bruka mot henne og partiet SV av politiske motstandarar både frå borgarleg hald og frå Arbeidarpartiet. Men populariteten hennar blant vanlege folk blei ikkje varig svekt.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1962–73 arbeidde Kvanmo som lærar ved Rana gymnas, og ho blei vald inn i formannskapet i Rana i 1967 og blei sitjande til 1975.

I 1973 blei ho vald som stortingsrepresentant for SV frå Nordland fylke, og ho blei sitjande på Stortinget heilt fram til 1989 — frå 1977 til 1989 som parlamentarisk leiar. Det var i denne perioden ho fekk den populariteten som er omtala ovanfor.

Frå 1991 til 2002 var Hanna Kvanmo medlem av Nobelkomiteen, der ho var viseformann 1993–98. Ho har òg vore delegat til SNs generalforsamling to gonger, i 1975 og 1981.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1985 - Derfor
  • 1986 - Glis
  • 1990 - Dommen
  • 1993 - Anders Langes saga (med A. Rygnestad).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dom frå 10. november 1947, vedrørande straffesak. Sjå fotokopi i Dommen av Kvanmo. S. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]