Hanna Melnytsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanna Melnytsjenko


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 24. april 1983 (40 år)
Tbilisi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2013, EM i friidrett innendørs 2013, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden

Hanna Anatolijivna Kasjanova, fødd Melnytsjenko, (fødd 24. april 1983) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Tblisi i Georgia, som i 2013 vart verdsmeister i sjukamp i Moskva der ho sette personleg rekord med 6 586 poeng.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Melnytsjenko vart i juli 2003 ukrainsk meister i sjukamp med til saman 5 523 poeng. Tre år seinare overskreid ho 6 000-poengsgrensa for fyrste gong då ho i ei tevling i Arles i 2006 sanka 6 055 poeng. Året etter forbetra ho under Europacupen i Stettin sitt personbeste til 6 143 poeng. I juli 2008 i Kiev auka ho poengskåren til 6 348 poeng. Sommaren 2009 kom ho på andreplassen ved mangekampstemnet i Götzis, etter å ha oppnådd 6 445 poeng. Nesten like mange poeng, 6 414, klarte ho då ho vart nummer seks i VM i Berlin.

Melnytsjenko enda på tiandeplassen i sjukampen under Sommar-OL 2012 i London. Etter å ha vorte nummer tre i femkampen ved innandørs-EM 2013 i i mars med 4 604 poeng, gjorde ho under verdsmeisterskapen i Moskva i august 2013 sitt livs beste sjukampserie. Med 6 586 poeng gjekk ho overraskande nok heilt til topps i tevlinga og vart tildelt gullmedaljen, 56 poeng føre kanadiske Brianne Theisen-Eaton.

Sidan 2014 er ho gift med den ukrainske mangekjemparen Oleksij Kasjanov.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]