Hanna från Arlöv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Hanna från Arlöv» er ein proggsong frå 1974 av den svenske gruppa Nationalteatern frå albumet Livet är en fest,[1] skriven av Ulf Dageby[2] og sungen av Maria Grahn.

Songen handlar om ei ung jente som har sommarjobb på eit vaskeri, og som er songen si forteljarstemme. På vaskeriet treffer ho «Hanna från Arlöv», ein kollega som vert skildra som ei «kärring», «tant på femti år» og «kommunist». Hanna, som mellom anna er opprørd over vaskerisjefens «profit», organiserer i songen ein ulovleg streik i protest mot at dei ikkje har noko vifte på vaskeriet sjølv om det er svært heitt («fyrtio grader varmt») der. Streiken fører til at vaskeriet får ei vifte, om enn ei lita og ynkeleg ei, men protesten i seg sjølv imponerer den unge jenta som fortel at «jag lärde mej att fajtas».

Songen har fleire gonger vorte brukt som symbol i svensk politisk retorikk.[3] Den norske gruppa Amtmandens døtre spelte inn ein norskspråkleg versjon av songen med tittelen «Anna fra Kløfta» i 1975.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songteksten var inspirert av eit intervju med den då 51-årige vaskeriarbeidaren Hanna i KFML(r)-avisa Proletären i byrjinga av valkampen føre Riksdagsvalet i 1973, der ho blant anna klaga over at det var uuthaldeleg heitt på vaskeriet ho arbeidde på i Arlöv utanfor Malmö.[2][5]

I 1996 fann avisa Sydsvenskan fram til røyndas Hanna, som heitte Hanna Löv, og intervjua henne. I intervjuet kom det fram at Hanna var svært stolt over å ha vore inspirasjonskjelde til songen, men at det var ikkje var så mykje av det i songen som stemde overeins med hennar liv.[3][5][6] Hanna Löv gjekk bort i 2005.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Livet är en fest». Svensk mediedatabas. Henta 17. juli 2011. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 «Hanna från Arlöv». Nationalteatern. Henta 18 mars 2011. 
  3. 3,0 3,1 Persson, Stefan (2007). «”Hanna från Arlöv” fick sparken av vänstern». Arkivert frå originalen 12. august 2010. Henta 5. april 2013. 
  4. Discogs: Amtmandens Døtre ‎– Reis Kjerringa!
  5. 5,0 5,1 5,2 Kniivilä, Kalle (4 januari 2008). «Hanna var ingen strejkledare». 
  6. «Mytomspunnen stridbar strejkledare från Arlöv». 1996. Arkivert frå originalen 12. januar 2015. Henta 5. april 2013.