Hannah Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°39′16″S 60°36′48″W
Hannah Point
nes
Hannah-Point.jpg
Turisttur på Liverpool Beach ved Hannah Point.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°39′16″S 60°36′48″W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Hannah Point is located in Antarktis
Hannah Point (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Hannah Point er eit nes på sørkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det dannar austsida av innløpet til Walker Bay og vestsida av innløpet til South Bay. Det ligg nedanfor Ustra Peak i nord, med Liverpool Beach som strekkjer seg mellom fjellet og tuppen av Hannah Point. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar opererte frå Johnsons Dock.

Av fuglar som hekkar her på neset finn ein bøylepingvin og gulltoppingvin, i tillegg til taremåse, sørkjempepetrell, knoppskarv, jo og antarktisslirenebb. Sørleg elefantsel og antarktisk pelssel finst òg på neset.[1]

Hannah Point vert ofte vitja av antarktiske turistcruise.

Neset er kalla opp etter den britiske selskuta «Hannah» som forliste i nærleiken i 1820 medan dei jakta i Sør-Shetlandsøyane.

Neset ligg 13,95 km nordaust for Elephant Point, 8,16 km vest-sørvest for Ereby Point, 12,36 km vest-sørvest for Hespérides Point og 11,76 km nordvest for Miers Bluff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hannah Point, Livingston Island. Oceanites.