Hannah Waddingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannah Waddingham

Fødd28. juli 1974 (49 år)
FødestadWandsworth
Aktive år2000–
Verka somsongar, teaterskodespelar, filmskodespelar
PrisarPrimetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actress in a Comedy Series

Hannah Waddingham (fødd 28. juli 1974 i London i Storbritannia)[1] er ein britisk skodespelar og songar. Ho er best kjend for å ha spela rolla som Rebecca Welton i komedieserien Ted Lasso. Ho vann ein Primetime Emmy Award for framståande kvinnelege birolle i 2021 og Critics' Choice Television Award for beste kvinnelege birolle i ein komedieserie i 2021 og 2022.[2]

Waddingham har også spela i ei rekkje West End-forestillinger, blant anna Spamalot, Into the Woods og Trollmannen frå Oz som Den onde heksa frå Vest – og ho har fått tre Laurence Olivier Awards-nominasjonar for sin innsats.

Waddingham har vore med i besetninga til filmversjonen av Les Misérables frå 2012 og i femte sesong av HBO-serien Game of Thrones som Septa Unella i 2015.[3] Ho hadde ei av hovudrollene i den britiske thrilleren Winter Ridge (2018) og ei birolle i tv-serien Sex Education. Ho skal vere programleiar for Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Alesha Dixon og Julija Sanina, og med Graham Norton i finalen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hannah Waddingham». The Times of India. ISSN 0971-8257. Henta 2. mars 2023. 
  2. Schneider, Michael (18. januar 2021). «‘Ozark,’ ‘The Crown’ and Netflix Lead 26th Annual Critics’ Choice Awards TV Nominations». Variety (på engelsk). Henta 2. mars 2023. 
  3. Watchers on the Wall. «British actress cast as Septa Unella… #GameofThrones #Season5 #casting». Twitter (på norsk bokmål). Henta 2. mars 2023. 
  4. «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]