Hanne Aga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanne Aga
Nasjonalitet Norsk
Fødd 28. mars 1947 (72 år)
Røra
Død

17. mars 2019

Yrke Forfattar
Periode 1981-
Debut Skjering i lys

Hanne Aga (fødd 28. mars 1947 i Røra, død 17. mars 2019 i Tromsø) var ein norsk forfattar busett i Tromsø. Aga er utdanna cand. mag.[1] og forfattardebuterte i 1981 med diktsamlinga Skjering i lys der assosiasjonar vart vekte ved å setje ord inn i nye samanhengar.[2] Tekstane hennar er ofte i eit grenseland mellom dikt, prosalyrikk og knekkprosa og i somme av bøkene finst eit episk element.[3]

Ho har samarbeidd med andre kunstnarar for å lage kulturuttrykk som musikk, poesikonsertar, danseframsyningar og poesifilm. I 1991 vart ho tildelt Statens garantiintekt for kunstnarar (kunstnarløn).

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Statens arbeidsstipend 1987-1990
  • Blixprisen i 1990
  • Statens garantiinntekt 1991-

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 - Snart er møtet over (diktsamling)
  • 2008 - Som om ein ny dag skal komme (diktsamling)
  • 2005 - Eit rom å falle inn i (diktsamling)
  • 2000 - Solis (diktsamling)
  • 2000 - Eit anna lys, eit anna vatn (lyrikk til forestillingen, turne i Finnmark og Nord-Russland)
  • 1998 - Tid for bruer (poesikonsert til Festspillene i Nord-Norge)
  • 1994 - Kraftas (diktsamling)
  • 1993 - Gå i skuggen, vent på vinden (diktsamling)
  • 1992 og 1994 - Friheten kommer (poesifilm av Folkeakademiet og Forfattersentrum, medprodusent)
  • 1991 - Utan bevis (tekstar)
  • 1990 - Stein/Roser (poesifilm for NRK)
  • 1988-89 - Steinrosetoner (musikk, poesi og dans med Rikskonsertane)
  • 1988 - Presis overalt (diktsamling)
  • 1986 - Bror sorg (poesiroman)
  • 1985 - Hard klar rose (roman)
  • 1983 - Forsvar håpet (diktsamling)
  • 1981 - Skjering i lys (diktsamling)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Herman Berthelsen, red. (1987). «Aga, Hanne». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 7. ISBN 820910426-8. 
  2. Finn Stenstad (1992). Fram fra de hundrede mile : nordnorsk litteratur fra 1945 til 1992 : tendenser, temaer, portretter, tekster og bibliografi. Oslo: Universitetsforlaget. s. 105. ISBN 8200410854. 
  3. Øystein Rottem (1998). «Ånd og materie : Hanne Aga og Hanne Bramness». Norges litteraturhistorie: Vår egen tid. 8. Oslo: Cappelen. s. 561. ISBN 82-02-15478-2. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]