Hanne Bjurstrøm
Utsjånad
| Hanne Bjurstrøm | |||
| Hanne Bjurstrøm i 2009 Foto: Arbeidsdepartementet | |||
| Fødd | 20. september 1960 (65 år) Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | dommar, politikar, jurist, advokat, embetsperson, advokat | ||
| Institusjonar | Klima- og miljødepartementet Justis- og politidepartementet Regjeringsadvokaten | ||
| Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo London School of Economics | ||
| Sambuar | Jørn Maurud | ||
| Alle verv | |||
Hanne Inger Bjurstrøm (fødd 20. september 1960 i Oslo) er ein norsk jurist og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var arbeidsminister frå 2009 til 2012 i regjeringa Stoltenberg II.
Bjurstrøm er likestillings- og diskrimineringsombod frå 2016.
Bjurstrøm har vore dommar, konsernadvokat i Aker RGI og nestleiar i Arbeidsretten, og har også arbeidd i Europarådet, hos Regjeringsadvokaten og i Justisdepartementet. Ho kom til arbeidsminister-stillinga frå ei stilling som spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet og Noreg sin forhandlingsleiar i dei internasjonale klimaforhandlingane.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Teknisk ukeblad: Klimaforhandler blir statsråd, vitja 20.10.2009, arkivert frå originalen 22. oktober 2009, henta 20. oktober 2009
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Cicero om Hanne Bjurstrøm Arkivert 2013-06-26 ved Wayback Machine.