Hanne Skartveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanne Skartveit
Fil:Hanne Skartveit 0002.jpg, Hanne Skartveit - NMD 2015 (16784585123).jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1966 (58 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, politisk kommentator, podkastvert, avisredaktør, politisk redaktør
Far Andreas Skartveit Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Gerhard Helskog Sjå dette på Wikidata
Prisar Gullpennen
Hanne Skartveit på Commons

Hanne Benedichte Skartveit (13. april 1966) er ein norsk journalist, statsvitar og jurist med lang verketid i Verdens Gang. Sidan 2009 har ho hatt stillinga som politisk redaktør i avisa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skartveit vart fødd i Oslo som dotter av forlagsdirektøren og programredaktøren i NRK Andreas Skartveit.[1] Ho tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1985, ex. phil. ved Universitetet i Oslo i 1986 og 2. avdeling jus frå same stad i 1989. Skartveit har juridisk embetseksamen og ein mastergrad i internasjonal politikk frå Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University i Washington, D.C.[2][1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho var nestleiar i Studenttinget i Studentsamskipnaden i Oslo i 1987[1] og politisk journalist i Arbeiderbladet 1990–1991.[3] Ho har òg politisk bakgrunn frå AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund.[4]

Skartveit har jobba i VG sidan våren 1991, og var politisk reporter i avisa fram til 2000. Då tok ho eit avbrekk frå jobben for å fullføra jusutdanninga. Seinare fekk ho tilbod om å verta kommentator i VG, før ho etter eit opphald i Washington vart leiar for leiar- og kommentaravdelinga i same avis.[5] 1. januar 2009 tok ho over stillinga som politisk redaktør i VG etter Olav Versto.

I 1999 vart ho tildelt eit SKUP-diplom for prosjektet Fylkespolitikerne – politikkens lønsadel.[6]

I 2012 vart ho tildelt Gullpennen av Riksmålsforbundet.[1]

Ho er gift med journalisten og programleiaren Gerhard Helskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Garvik, Olav (29. desember 2013). «Hanne Skartveit». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Hun blir ny VG-redaktør». kampanje.com. 16. desember 2008. Henta 27. desember 2008. «Skartveit har i tillegg til fullført jussutdanning, mastergrad i internasjonal politikk fra Johns Hopkins University i Washington, DC.» 
  3. «Hanne Skartveit». Journalisten. 2008. Henta 27. desember 2008. 
  4. «Kommentariatet: Listen fortsetter». Morgenbladet. 11. september 2009. 
  5. Lindeberg, Anne (16. desember 2008). «Hun blir ny VG-redaktør». Dagens Næringsliv. Henta 16. desember 2008. 
  6. «SKUP-diplom 1999». Institutt for journalistikk. 1999. Arkivert frå originalen 24. mars 2007. Henta 27. desember 2008. «Hanne Skartveit i VG tildeles SKUP-diplom 1999 for prosjektet "Fylkespolitikerne – politikkens lønnsadel".» 

  • Denne artikkelen bygger på Hanne Skartveit frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. oktober 2018