Hannibal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av Hannibal i Louvre av den franske kunstnaren Sébastien Slodtz (1655–1726).

Hannibal (punisk for 'Baal er meg nådig'; -247-182) var ein fønikisk statsmann og general fra Karthago. Han er mest kjend for det han oppnådde under den andre punarkrigen, då han førte ein hær frå Hispania over Pyreneane og Alpane inn i Italia, der han fleire gonger nedkjempa hærstyrkar frå Den romerske republikken.

Hannibal vert rekna som ein av dei aller beste militære leiarane gjennom tidene, saman med Aleksander den store, Julius Cæsar, Scipio Africanus og Napoleon. Militærhistorikaren Theodore Ayrault Dodge har kalla Hannibal «strategiens far».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Invasjonsruta til Hannibal

Hannibal Barca, son til Hamilcar Barca, vart fødd i 247 fvt. Etter Karthago sitt nederlag i den første punarkrigen, sette Hamilcar i gang arbeidet med å betra stillinga til Karthago. Han byrja med å leggja under seg fleire stammer i Hispania. På dette tidspunktet var Karthago i ei so dårleg økonomisk stilling at han ikkje klarte å transportera hæren sin til den iberiske halvøya, og i staden måtte marsjera til Gibraltarsundet og kryssa Middelhavet der. Ved Herkulessøylene svor Hannibal som ung mann ein eid om at han alltid skulle vera fiende med Roma. Hannibal sa til far sin at: «Eg sver at så snart alderen tillet det (...) skal eg med flammar og stål avgjera lagnaden åt Roma.»[treng kjelde]

Far til Hannibal leidde deretter eit vellukka felttog i Hispania. Då faren vart drepen i kamp, tok svogeren til Hannibal, Hasdruba, kommandoen. Hasdruba gjennomførte ei konsolidering av dei erobra områda på den iberiske halvøya, og gjekk med på ein avtale med romarane om at Kartago ikkje skulle erobra områda nord for elva Ebro, og at romarane ikkje skulle kryssa sørover.

Fram til Hasdrubal døydde i 221 fvt., var Hannibal øvstkommanderande i hæren og trufast i stillinga, som den kartagiske regjeringa hadde vald han til.

Etter at Hannibal tok kommandoen brukte han to år på å konsolidera og erobra dei gjenverande områda i Hispania sør for Ebro. Etter dette sette han ut på det han meinte var livsoppgåva si: Erobringa og audmjukinga av Roma. I 219 fvt. gjekk han til åtak på byen Saguntum, som var kontrollert av romarane, og etter åtte månaders omleiring inntok han byen. På grunn av populariteten hans protesterte ikkje den kartagiske regjeringa på avgjerda til Hannibal. Dermed hadde han fått krigserklæringa si mot Roma. Hannibal ville no føra krigen inn i hjartet av romarriket med ein marsj gjennom Hispania og Sør-Gallia.

Frå Ticinus til Cannae (218 fvt.-216 fvt.)[endre | endre wikiteksten]

Over Alpane[endre | endre wikiteksten]

«Snøstorm: Hannibal og hæren hans kryssar Alpene» av J.M.W. Turner. Dette vidgjetne biletet er eitt av mange neoklassiske kunstverk om Hannibal sin marsj gjennom Alpane

Hæren til Hannibal i Hispania var på rundt 90 000 fotsoldatar og 12 000 ryttarar. Styrken han tok med seg mot Italia, var derimot «berre» på 75 000 fotsoldatar og 9 000 ryttarar. Hannibal forlét Carthago Nova våren 218 fvt. Han kjempa seg gjennom stammane nord i Hispania til Pyreneane, noko han meistra ved hjelp av utspekulert taktikk. Etter å ha marsjert 464 kilometer gjennom fiendtleg terreng til elva Ebro, valde Hannibal i slutten av juni ut dei mest lojale av dei libyske og iberiske soldatane. Han sette att 11 000 soldatar i garnisonen han laga i dei nyerobra områda og fortsette på vegen til Gallia med ein hær på 50 000 fotsoldatar og 9 000 ryttarar.

Hannibal var merksam på at han måtte kryssa både Pyreneane, Alpane og fleire store elvar, og i tillegg kjempa mot dei gallarane som var i området. Gjennom dei nordlege delane av Spania hadde erobringa gått greitt, og då han i tillegg klarte å mekla med dei galliske høvdingane han møtte på vegen, gjekk turen enklare enn han hadde trudd. Dette førte til at Hannibal nådde Rhone i september, før romarane hadde rukke å samla seg og gjera motstand. Ved Rhone var hæren til Hannibal samansett av 38 000 fotsoldatar, 8 000 ryttarar og 37 krigselefantar.

Etter å ha utmanøvrert dei innfødde som hadde prøvd å hindra ferda mot gjennom Gallia, gjekk Hannibal forbi ein romersk styrke som var send for å stansa han. Deretter gjekk han opp dalen i ein av bielvane til Rhone (truleg Isère), og i løpet av hausten kom han fram til foten av Alpane. Ferda over Alpane (truleg nær Col du Mont Cenis) er ei av dei mest kjende militære bragdene frå antikken. Hannibal klarte å leia hæren over fjellkjeda trass i vanskeleg klima og terreng, geriljaåtak frå dei innfødde og at han måtte kommandera ein styrke med fleire språk og nasjonalitetar. Men Hannibal hadde no mista halve styrken sin, og han hadde berre nokre få elefantar att då han kom fram til Italia. Historikaren Adrian Goldsworthy har skrive at på grunn av motstanden frå dei innfødde, rasfaren og den store høgda over havet, måtte Hannibal betala ein stor pris for ferda si.

Ticinus og Trebia[endre | endre wikiteksten]

Hannibal sin marsj førte han inn i romersk territorium og hindra fienden sin taktikk om å føra krigen på fienden si jord. Han dukka brått opp mellom gallerane i Po-dalen og fekk høve til å knyta dei til seg som allierte før romarane kunne gjera noko med opprøret.

Slaget ved Trebia, 218 fvt.

Etter at soldatane hadde fått kvila, sikra Hannibal først ryggen ved å kua den fiendslege stamma i Taurini. Publius Cornelius Scipio, den romerske konsulen som hadde leia dei romerske styrkane i forsøket på å avskjera Hannibal, hadde hasta attende til Italia med ei lita avdeling for å møta han der. Då Hannibal var på veg ned Po-dalen, møtte han styrkane til Scipio i slaget ved Ticinius. Her tvinga Hannibal romarane til å trekkja seg ut av Lombardia-sletta. Denne sigeren var viktig for Hannibal sitt forsøk på å svekkja romarane sin kontroll over gallerane. Resultatet av romarane sitt nederlag ved Ticinus var at gallerane vart oppmuntra til å slutta seg til kartagarane. Snart var nesten heile det nordlege Italia uoffisielt alliert med Hannibal mot romarane. Galliske og liguriske troppar sørgde for at hæren hans snart igjen var ein styrke på 40 000 mann. Hæren til Hannibal var no klar til å invadera Italia. Scipio vart alvorleg skada i trefninga og trekte seg tilbake over elva Trebia med arméen sin og slo leir ved Placentia for å venta på forsterkningar.

Den andre romerske konsulhæren skunda seg til Po-dalen. Alt før meldinga om nederlaget ved Ticinus hadde nådd Roma, hadde senatet gjeve konsulen Titus Sempronius Longus ordre om å ta med hæren sin attende frå Sicilia for å slutta seg til Scipio og møta Hannibal. Gjennom dyktige manøvrar klarte Hannibal å jaga han vekk då han prøvde å posisjonera seg på vegen mellom Placentia og Arminum, ein veg Sempronius måtte gå for å nå Scipio. Deretter erobra Hannibal Clastidium, der han skaffa seg store mengder rasjonar for mennene sine. Men medan Hannibal erobra byen, kom Sempronius seg rundt flankane hans og slutta seg til Scipio ved Trebia. I desember same år hadde Hannibal dermed høve til å visa dei overlegne militære dugleikane sine i slaget ved Trebia. Etter å ha slite ut det vidgjetne romerske infanteriet, slakta han det med eit overraskande bakhaldsåtak på flanken.

Trasimene[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Trasimene, 217 f.Kr.

Etter at han hadde sikra posisjonen sin i Nord-Italie med denne sigeren, innkvarterte Hannibal troppane sine hjå gallarane for vinteren. Dette førte til misnøya hjå gallarane, og Hannibal ynskte difor å finna seg ein sikrare operasjonsbase lenger sør. Romarane var derimot særs uroa og misnøgde etter Sempronius sitt nederlag ved Trebia, og byrja å leggja planar for å møta det nye trugsmålet frå nord. Det romerske senatet valde Cnaeus Servilius og Gaius Flaminius til konsular. Båe venta at Hannibal skulle rykkja vidare framover, og tok armeane sine ut for å stengja av dei austlege og vestlege rutene som Hannibal kunne bruka for å rykkja fram mot Roma. Servilius plasserte seg ved Arminum ved Adriahavet, medan Flaminius posisjonerte seg ved Arretium nær Appenninene.

Den einaste vegen til det sentrale Italia utanom dei romerske styrkane låg ved Arno. Denne ruta var praktisk talt ei einaste stor myr, og denne våren var det meir vatn der enn vanleg. Å kryssa der ville utsetja mennene for dei same lidingane som dei hadde måtta gjennomgå i Alpane. Hannibal visste at denne ruta var vanskeleg, men det var den sikraste og snøggaste vegen inn i det sentrale Italia. I fire dagar og tre netter marsjerte Hannibal sine soldatar gjennom eit område som var meir vatn enn land, og vart utsette for søvnmangel og utmatting. Han kryssa Appenninane og det tilsynelatande uoverstigelege Arno utan motstand, men mista ein stor del av styrkane sine, inkludert den siste elefanten sin, i dei lågareliggjande myrane i Arno.

Hannibal på ein av dei mange krigselefantane sine.

Då han kom til Etruria våren 217 f.Kr., sette Hannibal seg føre å trekkja den romerske hovudarmeen under Flaminius inn i eit feltslag ved å øydeleggja området Flaminius var sett til å verna, framføre augo på han. Polybios fortel at Hannibal rekna med at dersom han passerte leiren og steig ned i distriktet nedanfor, ville Flaminius ikkje kunna sitja passivt å sjå at landet vart øydelagt, men følgja etter Hannibal, slik at Hannibal kunne gå til åtak på han. Samstundes prøvde han å svekka lojaliteten til Roma sine allierte ved å visa at Roma ikkje var i stand til å verna dei militært. Flaminius vart likevel sitjande i leiren ved Arretium.

Då Hannibal ikkje kunne trekkja Flaminius ut til eit slag, marsjerte han rundt venstre flanken til motstandaren, og kutta i realiteten Flaminius av frå Roma. Hannibal rykte raskt gjennom høglandet i Etruria og provoserte Flaminius til ei rask forfølging. Hannibal overraska romarane på ei lysning på breidda av Trasimeno, øydela hæren og drap Flaminius. Han hadde no kvitta seg med den einaste feltstyrken som kunne hindra han i å rykkja fram mot Roma, men innsåg at han ikkje kunne ta byen utan omleiringsmaskinar. Han ville heller utnytta sigeren sin ved å rykkja inn i det sentrale og sørlege Italia og freista å utløysa eit generelt opprør mot Roma. Etter Trasimene sa Hannibal at «eg er ikkje komen for å slost mot italienarane, men på vegne av italienarane mot Roma».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Hannibal» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2009. Wikipedia på bokmål oppgjev desse kjeldene:
    • Caven, Brian M., in Hornblower, Simon, & Spawforth, Antony (red.), The Oxford Classical Dictionary, 3. utgave, Oxford University Press, 1999, ISBN 0-19-866172-X
    • Cottrell, Leonard, Hannibal: Enemy of Rome, Da Capo Press, 1992, ISBN 0-306-80498-0
    • Goldsworthy, Adrian, The Punic Wars, London, Cassell and Company, 2000
    • Dodge, Theodore, Hannibal, Cambridge, Massachusetts, De Capo Press, 1891, ISBN 0-306-81362-9
    • Liddell Hart, Basil, Strategy, New York City, New York, Penguin Group, 1967
    • Healy, Mark, Cannae: Hannibal Smashes Rome's Army, Steerling Heights, Missouri, Osprey Publishing, 1994
    • Talbert, Richard J.A., red., Atlas of Classical History, London/New York, Routledge, 1985, ISBN 0-415-03463-9
    • Cowley, Robert (red.), Parker, Geoffrey (red.), The Reader’s Companion to Military History, Houghton Mifflin Company, 1996, ISBN 0-395-66969-3