Hannover

Koordinatar: 52°22′0″N 9°43′0″E / 52.36667°N 9.71667°E / 52.36667; 9.71667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hanover)
Hannover
Horisonten til Hannover
Horisonten til Hannover
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hannover
Hannover is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Hannover
Geografi
Flatevidd
 - By

204,01 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

522 944
  2 563/km²
1 128 543
Koordinatar 52°22′0″N 9°43′0″E / 52.36667°N 9.71667°E / 52.36667; 9.71667
Høgd over havet 55 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 30001 - 30669
Telefon-retningsnummer 0511
Bilnummer H
Heimeside: www.hannover.de

Hannover er ein by nord i Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på 523 000 (2007), og er eit stort senter i Nord-Tyskland.

Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.

Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han voks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna bygde bymuren og fleire kyrkjer.

Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlege arvingen.

Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hannover
Reiseguide for Hannover frå Wikivoyage