Hans-Dietrich Genscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans-Dietrich Genscher
Bundesarchiv FDP-Bundesparteitag, Genscher.jpg
Fødd21. mars 1927
Reideburg
Død31. mars 2016 (89 år)
Statsborgar avTyskland, Den tyske demokratiske republikken
PartiFreie Demokratische Partei, NSDAP, Liberal-Demokratische Partei Deutschlands
Yrkepolitikar, advokat, assessor, universitetslærar, faglitterær forfattar, militær
InstitusjonarFreie Universität Berlin
FDPs fraksjon i Forbundsdagen
Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz
Utdanna vedMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Universitetet i Leipzig
Universitetet i Hamburg
Hans-Dietrich-Genscher-Gymnasium
EktefelleBarbara Genscher
MedlemDeutsche Gesellschaft für auswärtige Politik

Hans-Dietrich Genscher (21. mars 192731. mars 2016) var ein tysk politikar frå Halle an der Saale. Han var utanriksminister i Vest-Tyskland og i det samla Tyskland frå 1974 til 1992. Genscher var formann i FDP frå 1974 til -85.

Genscher var 1969-74 med i koalisjonsregjeringa til Willy Brandt som innanriksminister. Perioden 1974-82 var han utanriksminister og visekansler i Vest-Tyskland, Helmut Schmidt var forbundskanslar. Etter forbundsvalet hausten 1982 danna FDP regjering i lag med CDU. Helmut Kohl, leiaren av CDU, vart ny forbundskanslar og Genscher heldt fram som utanriksminister. Genscher var ein sentral figur i arbeidet med å overvinne delinga av Tyskland på slutten av den kalde krigen. Etter 18 år som utanriksminister, trekte han seg frå politikken i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]