Hans-Georg Reimann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans-Georg Reimann

Bundesarchiv Bild 183-R0716-0111, Montreal, XXI. Olympiade, Cierpinski, Reimann, Stadtmüller (cropped).jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 24. august 1941
Klaipėda
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Hans-Georg Reimann (fødd 24. august 1941) er ein tysk tidlegare kappgjengar, fødd i dåverande Heydekrug i Aust-Preussen (no Litauen). Han vann EM-sølv på 20 km i 1962 og OL-sølv 14 år seinare, i 1972 tok han bronsemedaljen på same distansen i München. Reimann representerte Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Reimann overraska og tok sølvmedaljen på 20 km ved Friidretts-EM i 1962, 20 sekundar bak briten Ken Matthews og om lag like langt føre Volodimir Holubnitsjij, storfavoritten som representerte Sovjetunionen. Ti år seinare gjekk Reimann inn til bronsemedalje under Sommar-OL 1972, etter ein drabeleg strid mot landsmannen Peter Frenkel, som vart olympisk meister, og nemnde Holubnitsjij. I 1976 var Reimann flaggberar for det austtyske mannskapet som deltok i sommarleikane i Montreal. Her tok Neumann sølvmedaljen på 20 km, vel halvminuttet bakom Daniel Bautista frå Mexico, og med landsmannen Frenkel på bronseplassen bak seg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]