Hans Øverland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Øverland
Fødd 13. januar 1828
Død

2. mai 1912

Yrke politikar

Hans Andreas Ormsson Øverland (13. januar 18282. mai 1912) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Nedstrand i Rogaland. Orm Hansson Øverland var far hans.

Øverland kjøpte i 1848 garden Tveit i Nedstrand og dreiv denne til 1877. I 1877 vart han tilsett som lensmann i bygda, og busette seg på Nedstrand. Han hadde då i realiteten styrt stillinga for far sin i 20 år. Frå 1869 til 1906 var han medlem av forlikskommisjonen og sat elles ei rekke år i heradsstyret.

Øverland representerte Stavanger amtStortinget 1862-66 og 1877-85. Han var 1862-63 medlem av budsjettkomiteen og 1865-66 av protokollkomiteen. Heile bolken 1877-85 var han medlem av justiskomiteen, samt 1833-85 av valkomiteen. Vidare var han sekretær i Odelstinget 1877-79 og i Stortinget 1880-85.

Øverland var formann i Venstre i Stavanger amt i kring 15 år. I 1885 vart han medlem av straffelovskommisjonen.

Han døydde på Nedstrand i 1912.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]