Hans Øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Øy
øy
HansIsland.png
Land Flag of Denmark.svg Danmark, Flag of Canada (Pantone).svg Canada

Hans Øy
80°49′37″ N 66°27′12″ W
Hans øy i Kenndykanalen
Hans øy i Kenndykanalen
Wikimedia Commons: Hans Island

Hans øy (grønlandsk Tartupaluk, dansk Hans Ø, engelsk Hans Island) er ei øy i Kennedykanalen mellom Grønland og Ellesmere Island med posisjon 80°49'N, 66°26'V. Øya ligg kring 350 km nord for den nordlegaste grønlandske busetnaden Qaanaaq (Thule). Næraste kanadiske tettstader er eskimobusetnaden Ausuittuq (Grise Fjord), 700 km sør. Den nordlegaste bemanna radio- og verstasjonen i verda er Alert, 200 km nord. Det er normalt berre mogleg å koma til øya med båt på spesielt milde somrar.

Øya er ei avlang og gold landtunge på 1,3 km², hovudsakleg av kalkstein. Øya vart oppkalla etter den grønlandske guiden Hans Hendriksen Suerssaq under ein amerikansk polarekspedisjon leia av Charles Francis Hall mellom 1871 og 1873.

Frå 1973 til 2021 gjorde både Canada og Danmark krav på øya. Øya kan verta viktig om det på grunn av global oppvarming vert opna ein sjøveg nord om Canada til Stillehavet. Striden tok seg opp etter at den danske fregatten KDM «Vædderen» patruljerte i området mellom Ellesmere Island og Grønland og heiste det danske flagget Dannebrog på Hans Øy den 13. august 2002. I august 2003 vart flagget utskift av mannskapet på kanadiske HDMS «Triton». I 2018 vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skulle løyse problemet med den 1,3 kvadratkilometer store øya, og i november 2021 vart det semje om at dei to landa skulle overta kvar sin del av øya.[1]

11. juni 2022 vart landa samde om at det skulle trekkast ei landgrense[2][3] som følgjer kløfta som strekkjer seg over øya.[4] Danmark får dimed si andre landegrense mot eit anna land, Canada. Den fyrste går mot Tyskland. Canada får også si andre landegrense. Den fyrste går mot USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marthe Stoksvik (14. juni 2022). «Whiskykrigen er over – Danmark og Canada har løst grensestrid i Arktis». VG. VG/NTB. 
  2. «Canada and Denmark reach settlement over disputed Arctic island, sources say» (engelsk). The Globe and Mail. 11. juni 2022. 
  3. «Kongeriget vokser: Danmark og Canada slutter fred efter 50 års ø-strid» (dansk). Altinget. 13. juni 2022. Henta 13. juni 2022. 
  4. Svendsen, Jacob (13. juni 2022). «Nu er det endelig slut: Danmark og Canada deler Hans Ø». Politiken (dansk). Henta 14. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]