Hans Arnesson Urdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Arnesson Urdahl
Fødd 18. juni 1769
Død

21. september 1829

Yrke bonde, politikar

Hans Arnesson Urdahl (18. juni 176921. september 1829) var ein norsk kontorist, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Luster i Sogn. Han var far til Sølfest Hansson Urdahl og Hans Hansson Urdahl.

Urdahl var son til lensmannen i Luster. I yngre år arbeidde han på kontoret til sorenskrivaren i Indre Sogn. Sidan var han brukar av garden Bringe i heimbygda, dit han var gift. Seinare var han så gardbrukar på Saude, også i Luster. År 1807 vart Urdahl lensmann i Luster etter far sin, ei stilling han hadde til han døydde.

Urdahl var valmann då det i 1814 vart halde val til riksforsamlingaEidsvoll. På Stortinget 1815-16 var han 4. representant frå Nordre Bergenhus amt, medlem av komiteen for juridiske gjenstandar. Grunna sjukdom var han permittert frå 19. september 1815. Til Stortinget 1821-22 var han 1. varamann. Han møtte då i 1822 frå den 30. oktober i staden for Absalon Olsson Vereide.

Urdahl døydde på garden sin Saude i 1829.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]