Hans B. Wergeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans B. Wergeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1861
Masfjorden kommune
Død

8. juli 1931 (69 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Hans Bergersson Wergeland (23. juli 18618. juli 1931) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Masfjorden.

Wergeland var fødd på garden Løveid i Masfjorden. I yngre år gjekk han i to år på overkonstabel-skulen i Bergen, og sidan eitt år på artilleribrigaden sin underoffisersskule. Han overtok så slektsgarden i 1885, og dreiv denne i lang tid.

Han var medlem av heradsstyret i Masfjorden frå 1887 og ordførar i heradet i 15 år; 1902 til 1916. I tillegg var han ordførar i forstandarskapet til Masfjorden Sparebank i tida 1902-07 og styreformann i Lindaas-Masfjorden dampskibsselskap frå 1902.

Wergeland vart vald inn på Stortinget ved stortingsvalet 1906 for krinsen Nordhordland, og vart attvald i 1909. I den fyrste stortingsperioden representerte han Samlingspartiet, i den andre Høgre. Han hadde heile stortingstida sete i vegkomiteen, i den andre perioden som nestformann. Bolken 1910-12 var han også medlem av reguleringskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]