Hans Baltzersen Kaxrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Baltzersen Kaxrud
Fødd 23. juli 1822
Ås i Akershus
Død

13. januar 1894
Ås i Akershus

Yrke bonde, politikar

Hans Baltzersen Kaxrud (23. juli 182213. januar 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ås i Akershus.

Kaxrud var son til ein gardbrukar på Kaksrud i Ås. Han tok over farsgarden i 1853 og dreiv han fram til 1889. Han vart medlem av heradsstyret i 1854 og frå 1864 av forlikskommisjonen. Kaxrud representerte Akershus amtStortinget frå 1871 til 1885. Den fyrste valbolken, 1871-73, var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, sidan av næringskomite nr 2. Han vart medlem av Stortingets Venstreforeing då denne vart skipa.

Då han slutta som gardbrukar i 1889, flytta Kaxrud til Voll i Ås og døydde der i 1894.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]