Hans Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Bang
Fødd 21. mars 1821
Risør
Død

30. juli 1893

Yrke politikar, reiar, trelasthandlar

Hans Bang (21. mars 182130. juli 1893) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, ordførar og stortingsmann frå Risør.

Bang var son til ein kjøpmann. Han dreiv sjølv som kjøpmann i fødebyen frå 1847 til 1874, attåt at han var trelasthandlar og skipsreiar. I 1874 busette han seg på garden Tanum i Brunlanes som han åtte, men flytta allerie året etter til Kristiania, der han budde resten av livet.

Bang var i mange år ordførar i Risør, og dessutan kemnar og styreleiar («direktør») i den lokale sparebanken. Valbolken 1874-76 representerte han valkrinsen ØsterrisørStortinget, der han var medlem av protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]