Hans Bethe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Bethe
Hans Bethe.jpg
Fødd2. juli 1906
Strasbourg i Tyskland
Død6. mars 2005 (98 år)
Ithaca i New York
BustadUSA
NasjonalitetTysk
Amerikansk
Områdefysikk
Yrkeastronom, fysikar, kjernefysiker, universitetslærar, teoretisk fysikar
InstitusjonarUniversitetet i Tübingen
University of Manchester
Cornell University
Manhattanprosjektet
Alma materUniversitetet i Frankfurt
Universitetet i München
DoktorgradsrettleiarArnold Sommerfeld
DoktorgradsstudentarFreeman Dyson
Kjend forAtomfysikk
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
American Astronomical Society
American Physical Society

Hans Albrecht Bethe (2. juli 19066. mars 2005) var ein tysk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1967. Han deltok i utviklinga av atombomba i 1945, men vart seinare kritisk til verksemda si og var aktiv i anti-atomvåpenarbeid saman med Albert Einstein. Han vart fødd i Strassburg, då i Tyskland (no i Frankrike), og gjekk på gymnaset og studerte fysikk i Frankfurt. Han tok doktorgraden i teoretisk fysikk ved Ludwig-Maximilians-Universität München under professor Arnold Sommerfeld i juli 1928. Han gjorde rask karrière og underviste ved universiteta i München, Frankfurt og Stuttgart Alt før han var 25. Bethe kom frå ein familie av framståande forskarar. Han hadde kristen tysk far og jødisk tysk mor, og forlet difor Tyskland i 1933, og kom to år seinare til USA.

Bethe vart i 1984 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Årstal Pris
2001 Bruce-medaljen
1967 Nobelprisen i fysikk
1961 Eddingtonmedaljen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]