Hans Bjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Bjering
Fødd23. mars 1836
Rakkestad
Død10. februar 1895
Rauma
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Hans Peter Bjering (23. mars 183610. februar 1895) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Rakkestad.

Bjering var son til ein gardbrukar i Rakkestad. Sjølv gjekk han Haslem landbruksskule. Åra 1860-62 dreiv han farsgarden. Han kjøpte då gard på Våge i Veøy i Romsdal, budde der livet ut.

Bjering representerte Romsdals amtStortinget 1880-85 og 1889-91. Han var medlem av militærkomiteen 1880-85 og av konstitusjonskomiteen 1889-91. Frå 1883 til -85 og 1889 til -91 var han medlem av Lagtinget. Såleis var han i 1883-84 medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.

Han døydde i 1895 på garden sin i dåverande Veøy herad, i dag i Rauma kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]