Hans Borgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Borgen
Fødd24. september 1908
Fet
Død12. september 1983
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Hans Borgen (24. september 190812. september 1983) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Fet i Akershus. Han var ein sentral person både i landbruksnæringa og i landbrukspolitikken gjennom tre tiår. Borgen vert nok særleg hugsa som formann i Nei til EF-rørsla, og den politiske striden som førte fram til siger for hans medlemskapssyn den 25. september 1972.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Borgen var frå garden Borgen i Fet i Akershus. Han gjekk Hvam jordbruksskole 1927/28 og tok i 1932 eksamen ved forvaltningsavdelinga til Vinterlandbruksskulen i Oslo. I tida 1933-35 studerte han ved jordbruksavdelinga til Noregs LandbrukshøgskuleÅs i Akershus. Frå 1936 til -38 var han stipendiat i driftslære og landbruksøkonomi på landbrukshøgskulen, i 1938 vart han elles cand.oecon.

Etter å ha vore samvirkekonsulent for Vestlandet og Nord-Noreg i Norges Vel i to år, arbeidde Borgen åra 1940-45 som sekretær i Forsyningsdepartementet. I 1945 tok han over farsgarden i Fet og dreiv denne til 1974, frå 1965 eigde han også garden Granholt i Nord-Odal.

Borgen var stortingsrepresentant for Bondepartiet/Senterpartiet i fem valperiodar frå 1950 til 1969. På Tinget var han nestformann 1954-65 i Landbrukskomiteen, med unnatak for ei 2-3 månader hausten 1963 då han var statsråd og deretter medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Borgen var landbruksminister i Lyng-regjeringa i fire veker. Frå hausten 1965 til 1969 var han formann i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, som bytta namn til Industrikomiteen i 1967. Borgen var elles parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet i tolv sesjonar; 1958-69, og visepresident i Odelstinget 1965–69.

Også i dei landbruksfaglege organisasjonane stod Borgen i fremste rekke. Han var ordførar 1950-60 for representantskapet i Norges Bondelag, formann i Norske Melkeprodusenters Landsforbund frå 1955 og formann 1957-79 i Landbrukets Sentralforbund. I 1970 vart han vald til formann i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i Fellesmarkedet, ein posisjon han hadde til 1977.

Borgen var kommandør av St. Olavs Orden frå 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]