Hans Cato Aall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Cato Aall
Fødd 13. april 1807
Porsgrunn
Død

7. april 1862
Brunlanes

Yrke prest, politikar

Hans Cato Aall (13. april 18077. april 1862) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann.

Aall var son av ein kjøpmann i Porsgrunn. Han voks opp hos farbroren Niels Aall, og vart student i 1824. I 1829 vart han cand. theol., året etter vikarierte han som skulestyrar i Larvik. Same hausten, 1830, utnemnd til personalkapellan i Sande i Vestfold, og i 1833 til sokneprest i Hammerfest. Frå 1840 var han i tillegg prost i Vestfinnmark prosti. Medan han budde i Finnmark stod han bak ei ny utgåve av Hans Friis sitt verk, Beskrivelse over de norske Finlapper (1841, 1. utgåve 1740).

Aall var ordførar i Hammerfest, og 2. representant for Finmarkens amt på Stortinget i 1842. På tinget var han medlem av næringskomite nr 1.

Hausten 1844 vart Aall utnemnd til sokneprest i Brunlanes, der han var til han døydde. Han var ordførar i Brunlanes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Halvorsen, J. B.: Norsk Forfatter-Lexikon. 1. bd., s. 6. Kristiania: Den norske forlagsforening, 1885.
  • Biografisk informasjon om Hans Cato Aall NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv