Hans-Christian Udnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hans Christian Udnæs)
Hans-Christian Udnæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1963 (59 år)
Idrett langrenn

Hans-Christian Udnæs (fødd 27. mai 1963)[1] er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han er utdanna hydrolog og busett på Lillehammer.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Udnæs vart noregsmeister på 50 km langrenn i 1987. NM-rennet i Steinkjer gjekk under tunge tilhøve. Han vann då med klar marigin, halvtanna minutt, til toaren Hans Erik Tofte. I Holmenkollrenna oppnådde Udnæs si beste plassering i 1985, då han kom på 14. plass på 50-kilometeren. Han var klart best på dei lange distansane, hevda seg aldri på 15 km.

Udnæs representerte Kjelsås IL.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

I sin siste sesong på topplan, 1991, vart han beste nordmann i Vasaloppet med ein 6. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skattelistene 2001-2009
  • Sportsboken, aktuelle årgangar