Hans Conrad Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Conrad Thoresen (28. juli 180211. juni 1858) var ein norsk prest og stortingsmann født i Tønsberg. Han var gift med forfattaren Magdalene Thoresen i sitt tredje ekteksap, og var også svigerfar til Henrik Ibsen.

Thoresen var son til ein bøkker, Herman Thoresen, og Anna Sophie Albertine Walther.[1]

Han vart student i 1821 og tok teologisk embetseksamen ( cand. theol.) i 1825. I 1826 vart han sokneprest i StrandaSunnmøre. Etter berre to år flytta han over i same embete i Herøy på Sunnmøre. I Herøy dreiv han og underviste emnelege bondesøner, ein av desse var ørstingen Ivar Aasen. I åra 1833–35 las Aasen latin, historie, geografi, retorikk og diktekunst hos Thoresen med tanke på vidare studier.[2] I 1843 vart Thoresen sokneprest ved Korskirken i Bergen.[3] Thoresen representerte Romsdals amt på Stortinget 1842-1844. Dette embetet hadde han til han døydde.

Thoresen var i 1848 4. representant frå Romsdals amtStortinget. Valet vart godkjent i Stortinget med minst mogleg margin, 49 røyster mot 48. Han var medlem av Lagtinget og tollkomiteen.

Den første kona til Thoresen var Marie Dorothea Sophie Münster (1803–27). Han vart gift andre gong med Sara Margrethe Daae (6. april 1806-10. mai 1841), dotter av presten Johan Christopher Haar Daae.[4] Dei fekk fem barn, eit av barna var Susanna som vart gift med Henrik Ibsen. Sara Daae var tante til Ludvig Daae. Det var truleg Thoresen som fekk Ivar Aasen plassert hos svogeren på Solnør der han mellom anna var privatlærar for Susannas søskenbarn.[5]

Thoresen var gift tredje gong med forfattaren Magdalene Kragh (1819–1903). Magdalene tok i 1841 mot tilbod om å vere guvernante hos Thoresen, fødte i juni 1843 i København ein son som vart sett bort, og gifta seg så i oktober 1843 med Thoresen. Dei fekk fire barn.[6] Magdalene vart stemor til Susanna Ibsen.

Hans Conrad Thoresen døydde i Bergen i 1858.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  2. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peIvAa.xhtml lese på nett 9.februar 2013.
  3. Henrik Ibsens skrifter ved UiO lese på nett 10.februar 2013.
  4. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  5. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  6. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peMT.xhtml lese på nett 9.februar 2013.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914