Hans Ditlev Franciscus von Linstow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Hans Linstow.jpg
Linstow måla av Carl Peter Lehmann
Fødd 4. mai 1787
Hørsholm kommune
Død

10. juni 1851
Christiania

Hans Ditlev Franciscus von Linstow på Commons
Det kongelege slottet med Slottsplassen og Karl Johan-monumentet i forgrunnen

Hans Ditlev Franciscus von Linstow (4. mai 178710. juni 1851)[1] var ein dansk-norsk arkitekt som særleg er kjent for sitt hovudverk i Noreg; Det kongelege slott.

Hans von Linstow studerte teikning og måling ved Kunstakademiet i København på same tid som han også studerte jus. Han avslutta studia i København i 1812 og drog til Kongsberg der han i åra 1812-1814 var elev ved Bergseminaret. Han avslutta ikkje ingeniøroffiserutdanninga, men studerte i staden arkitektur attåt. Han arbeidde frå 1814 ved hoffet hans Kristian Fredrik, og i tida 1815-1818 var han regimentskvartermeister og auditør ved det Akerhusiske ridende Jægerkors. I tida fram til 1820 var han brigadeauditør i kavaleriet og garnisonsauditør i Christiania.

Von Linstow gav undervisning, først i gipsklassen og i åra 1822-1840 i bygningslære ved Den kongelige tegneskole (Kunstakademiet) i Christiania. Han hadde vore ein av initiativtakarane til opprettinga av akademiet.[2]

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

I 1823 fekk von Linstow oppgåva med å teikne slottet i Oslo og var med på å forme ut Slottsparken, med vaktstua til Garden. Han hjelpte også venen Henrik Wergeland med bygginga av Grotten. I samtida vekte det undring då Linstow fekk oppgåva som arkitekt for slottet; han var ikkje utdanna arkitekt og hadde «ikke bygget så meget som et hundehus» i følgje J.C. Dahl.[2][1]

Slottet vart reist eit stykkje frå sjølve bybebyggelsen og von Linstow la i 1838 fram plan for å knyte dette nærare saman med sjølve byen, noko som resulterte i den seinare Karl Johans gate. Gata fekk først namnet Slottsveien og Linstow så for seg bebyggelse med offentlege bygg på begge sider av gata og at tyngdepunktet i byen skulle ligge i denne gata fram mot Egertorget .

Von Linstow arbeidde også ut mønsterteikningar for norske kyrkjer i åra 1828-1831, og rundt 80 kyrkjer blei reist med utgangspunkt i desse teikningane. Han arbeide også ut tilsvarande mønsterteikningar for prestegardar.

Hans von Linstow omkom i samband med ei vognulukke i 1851.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]