Hans Engnestangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Engnestangen
HansEngnestangen.jpg
Fødd 28. mars 1908
Brandbu
Død

9. mai 2003
Jevnaker

Yrke skøyteløpar
Hans Engnestangen på Commons

Hans Engnestangen (28. mars 19089. mai 2003) var ein norsk skeiseløpar, fødd og død på Brandbu i Oppland. Han vart verdsmeister på skeiser i 1933 og norsk meister både i 1937 og 1938.

Engnestangen utgjorde saman med Ivar Ballangrud og Michael Staksrud den såkalla Hadelandstrioen. Nett desse tre løparane tok dei tre pallplassane under VM på skeiser 1933 i Trondheim, med Engnestangen på topp. To år seinare stod dei same tre på sigerspallen etter VM på skeiser 1935, då med Staksrud som meister og Engnestangen på tredjeplassen. I 1937 kom Engnestangen på andreplass i EM på skeiser, Staksrud vart atter meister. Same sesongen gjekk Engnestangen til topps i NM på skeiser, ein prestasjon han gjentok året etter.

Engnestangen sette tre verdsrekordar på 500 meter, den fyrste i 1933 og den siste i 1938. Ved det siste høvet kom han i mål på 41,8 sekundar, ei tid som gav han Morgenbladets Gullmedalje for 1938. Alle 500-meterrekordane vart sette i Davos. Nokså nøyaktig eitt år etter var han i slutten av januar 1939 tilbake i den sveitsiske alpebyen, der han slo verdsrekorden på 1500 meter ettertrykkeleg då han kom i mål på tida 2.13,8. Fyrst vinteren 1952 vart dei to verdsrekordane sletta frå rekordlistene.

Vinteren 1942 deltok Engnestangen i landskampen Tyskland–Noreg i Klagenfurt. I motsetnad til andre norske landskamp-deltakarar hadde Engnestangen inga personleg tilknyting til nazismen, men var likevel uynskt i det nasjonale, norske skeisemiljøet etter verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]