Hans Georg Dehmelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Georg Dehmelt
Fødd9. september 1922 (96 år)
Görlitz i Tyskland
Død7. mars 2017
BustadUSA
NasjonalitetTyskland
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Washington
Duke University
Alma materUniversity of Göttingen
Duke University
DoktorgradsrettleiarHans Kopfermann
Peter Brix
Kjend forUtviklinga av ionefelle
Presise målingar av elektronets g-faktor
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

Hans Georg Dehmelt (fødd 9. september 1922 ) er ein tysk-fødd amerikansk fysikar som mottok Nobelprisen i fysikk i 1989. Han fekk prisen på bakgrunn av utviklinga av ionefella. Han delte halvparten av prispengane med Wolfgang Paul. Den andre halvparten fekk Norman Ramsey.

Han studerte fysikk ved universitetet i Göttingen og tok doktorgrad i 1950. I 1952 flytta han til USA og Duke University i Nord-Carolina. I 1961 vart han professor ved University of Washington i Seattle.

Saman med Wolfgang Paul utvikla han den såkalla ionefellen, som ein kan nytte for å fange og studere eit enkelt elektron eller ion med høg presisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]