Hans Gerhard Meldahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Gerhard Meldahl
Hans Gerhard Colbjørnsen Meldahl.JPG
Fødd 5. oktober 1815
Rollag
Død

25. desember 1877

Yrke dommar, politikar, jurist

Hans Gerhard Colbjørnsen Meldahl (5. oktober 181525. desember 1877) var ein norsk jurist, dommar, embetsmann, stortingsmann og statsråd.

Meldahl var fødd i Rollag, der far hans var sokneprest. Sjølv vart han student frå Møllers institutt i 1833 og cand. jur. i 1837. Frå 1839 var han advokatfullmektig, deretter var han overrettsprokurator i Kristiania stift frå 1843. Han var byfut i Trondheim frå 1849 og justitiarius ved stiftsoverretten der i 1855. År 1859 vart han utnemnd til høgsterettsassessor.

På Stortinga 1854 og 1857, samt omframstortinget 1858, representerte han Trondheim og Levanger. I 1854 var han sekretær i Odelstinget og i justiskomite nr 1. 1857 var han president i Lagtinget, på omframstortinget 1858 var han visepresident. Både i 1857 og 1858 var han sekretær i fullmaktskomiteen og i trykkekomiteen samt medlem av valkomiteen. Elles var han i 1857 medlem av justiskomiteen og 1858 av finanskomiteen.

Meldahl var medlem av statsrådet frå desember 1871 til januar 1874. Han var norsk justisminister 1861-63, 1864-66, 1867-69, 1870-71 og 1872-74, samt medlem av statsrådavdelinga i Stockholm 1863-64, 1866-67, 1869-70 og 1871-72.

1874-77 var Meldahl høgsterettsjustitiarius. Han døydde i Christiania jula 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914